Syklar seg tilbake til eit lovlydig liv

hallingdolen-20140717_000_00_00

Rusen gjorde Daniel Hegstad (23) til ransmann. No syklar han
seg tilbake til eit rusfritt og lovlydig liv.

– Eg var heilt knekøyrt, seier Daniel Hegstad. Det er ikkje dei femti mila han har lagt bak seg på sykkel sidan 11. juli han snakkar om. Det er livet han levde som rusavhengig. Trangen til å ruse seg gjorde han også til ransmann. 12. februar starta han soning i Hassel fengsel i Skotselv. Då starta også vegen tilbake.
Tek sykkelvegen tilbake
Petter Berggren har jobba i fengselet i vel to tiår. Kontakten hans med ein av dei innsette, den bedrageridømde Torgeir Stensrud, vart også starten på noko nytt innan fengselsvesenet. Eit treningsprogram for å kome tilbake – som lovlydig. Hegstad er med på ein litt uvanleg sykkel-tour i regi av Veien Tilbake AS.
– Me veit at fengselsopphald også kan bli rein kompetanseheving på kriminelle ferdigheiter. Me vil ta tak i den gneisten eller motivasjonen folk har og bruke han i ein positiv meistringsspiral, seier ekspedisjonsleiar Berggren. Han brukar sommarferien sin på å sykle «Norge Øst-Vest» saman med tidlegare straff edømde. 11. juli la til saman elleve tidlegare straff edømde ut på ein 2000 kilometer lang sykkeltur frå Hassel fengsel, via Lunde, Haukeli, Eidfjord, over Hardangervidda og til Gol.
Kviledag
15. juli var det kviledag før etappen Gol-Beitostølen der turen går vidare til Vågå. 19.–25. juli blir dei med på Viking tour. Runar Johansen, dagleg leiar i selskapet, fortel at det ligg knallhard jobbing bak. – For syklistane ligg det månader og år med trening bak.

Det er også vanskeleg å få finansiert dette. Me har ikkje ei krone i offentleg støtte, seier Johansen.
Stifta ideelt selskap
Torgeir Stensrud er no prosjektleiar for «Norge Øst-Vest», men han er kanskje meir kjend som tidlegare næringslivsleiar, oberst i hæren og Finans Creditgründer. I 2005 vart han dømd til sju års fengsel av Oslo tingrett og frådømd retten til å drive næringsverksemd på livstid på grunn av økonomisk kriminalitet. Dommen vart anka, men sidan stadfesta av Borgarting lagmannsrett.
– Veien Tilbake er eit ideelt AS der det ikkje blir betalt utbyte, seier Johansen og viser til at eventuelt overskot blir ført tilbake til selskapet. Selskapet vart stifta i januar.
På veg tilbake
Daniel Hegstad og dei andre syklistane merkar at den fysiske treninga og den målretta jobbinga hjelper. Hegstad kjenner ikkje lenger russuget. Til og med røyken og snusen er droppa.
– Det vanskelegaste er ikkje å slutte med stoff , men å kome seg ut av det miljøet ein var i. Eg føler meg mykje meir styrka til å gjere det no.
– Kva tenkjer du om framtida?
– Dette er berre ein begynnelse for meg. Til hausten startar eg på skule for å fullføre vidaregåande, seier Hegstad. Han er ikkje ferdig med programmet han har starta på. Til vinteren betyr det difor skigåing med mange av dei same turkameratane som no.
På sykkelsetet har han også 1500 kilometer igjen når me slepper han på Gol.

hallingdolen-20140717_000_00_00

Legg inn en kommentar